Nok ein soppsjukdom har dukka opp på edelgran i juletrefelt i Rogaland


Forfatter(e): Venche Talgø, Arne Stensvand & Terje Pundsnes

Publikation: Nåledrys nr. 63

År: 2008

Side(r): 29-30

Pris: 150

Artikel/abstract:

Skjemmande, gråbrune nåler etter angrep av soppen Herpotrichia parasitica er funnen på edelgran i juletrefelt i Rogaland. I desember 2006 vart soppen Herpotrichia parasitica (syn. Trichosphaeria parasitica) funnen på nordmannsedelgran (Abies nordmanniana) i eit juletrefelt på ei øy i Rogaland. I april året etter vart det registrert store skadar av den same soppen på tyrkeredelgran (A. bornmuelleriana) hjå ein juletredyrkarar på fastlandet i Rogaland. Rundt 70 % av trea var smitta. Nokre hadde så sterke angrep at dei kjem til å verta fjerna frå feltet.

Soppen er ikkje ny her i landet, men han er så vidt vi kjenner til ikkje funnen tidlegare i juletrefelt. Finn Roll Hansen registrerte denne soppen på vanleg edelgran (Abies alba) i Hordaland i 1974. I 2004 fann vi sterke angrep av soppen på vanleg edelgran i Njåskogen i Time kommune på Jæren. Frå Tyskland er det rapportert at soppen hovudsakeleg angrip vanleg edelgran, men nordmannsedelgran, nobeledelgran (A. procera), veitchedelgran (A. veitchii) og granartar (Picea spp.) kan verta skadde når smittepresset er stort. I Danmark er soppen mellom anna registrert på nobel- og nordmannsedelgran.


Læs artiklen